Vg3 til Paris

15.10.2015
Denne hausten var VG3 på tur til Frankrike og Belgia. Målet med turen var å få eit større innblikk i historiefaget, samstundes for å få ein samlingstur saman med heile trinnet.

Høgdepunktet på turen var opplevingane i Normandie. Her besøkte vi den litle, franske byen Arromanches. Vi var innom eit museum som omhandla D-dagen. Det var spennande å sjå alt det som blei gjort i forkant av den store invasjonen. På stranda i Arromanches bygde dei ei sju kilometer lang hamn som ein framleis kan sjå restar av i dag. Etter ein god lunsj med franske bagettar, drog vi til Omaha Beach. Det var veldig vanskelig å sjå føre seg at så mange blei drepne på denne fine stranda, i løpet av veldig kort tid. Dei som ønska fekk vere med på ein guida tur rundt på den amerikanske kyrkjegarden. Inntrykka frå Omaha Beach og kyrkjegarden er mange. Det å sjå utover dei om lag 10 000 kvite korsa, var spesielt og vi følte på audmjukheit i forhold til alt dei kjempa for. Siste stopp i Normandie var Pointe du Hoc som skil Omaha Beach og Utah Beach frå kvarandre og som var ein viktig plass i forhold til invasjonen.

Siste og lengste stopp på turen var Paris. Her var vi i tre dagar, og opplevde veldig mykje. Vi fekk sjå Eiffeltårnet, Triumfbuen og fekk moglegheita til å komme til toppen i dei to monumenta. Vi var også i Versailles og såg slottet til Ludvig 14., og det var kult å sjå ein plass der mange avgjersler har blitt tatt. Vi køyrte og forbi Concordeplassen og var innom Notre Dame. På fritida var Champs Elysee og Latinerkvarteret populære ete- og shoppingstadar. Det aller siste vi gjorde i Paris var å besøke Invalidedomen og få eit siste blikk av Eiffeltårnet, før vi måtte bruke 27 timar saman på reise tilbake til Grimstad.

I løpet av turen har vi brukt mykje tid i buss, og det har gjort at vi blei betre kjent med kvarandre og lærarane.  Tida i bussen gjekk med til å sove, prate, sjå film, spele kortspel, guts og Nintendo, med meir. Etter sju dagar på reise var det ein sliten gjeng som vendte tilbake til skulen. Alt i alt er vi fornøgde med turen, og vi sit igjen med mange nye inntrykk og eit betre samhald på trinnet. Turen har vore veldig bra og lært oss mykje nytt som vi kan bruke vidare i undervisninga.

Skrive av Elise Kirkeli og Marie Harbo

Vg 3 til Paris